M +47 905 96 323
M +47 909 87 909
Renommé Strategy
Haslevangen 15
NO-0579 OSLO
Noreg/Norge/Norway
Dei fleste verksemder har allereie store uutnytta menneskelege ressursar innandørs. Vi ønskjer å hjelpe deg og di verksemd til å vidareutvikle den menneskelege faktoren ved å tilby rådgjeving, foredrag og kurs innan:
Vi utformar skreddersydde løysingar tilpassa din bransje og verksemd.
Tverrkulturell kommunikasjon
For utanlandske selskap som skal etablere seg i Noreg har vi laga eit eige opplegg som vi har kalla: Å forstå Noreg og å bli forstått i Noreg. Vi kan også tilby spesielle opplegg for norske selskap som vil etablere seg i Russland eller russiske selskap som vil etablere seg i Noreg.
Mange slags oppdragsgjevarar
Oppdragsgjevarane våre spenner frå departement, direktorat og tilsyn, via KS, KS-Bedrift og einskildkommunar til organisasjonar og selskap innan ei rad ulike bransjar.
Tung erfaring og internasjonalt nettverk
Renommé Strategy er den norske representanten for ECCO International Communications Network. Selskapet er eigd av dei erfarne strategiske rådgjevarane Gunnar Angeltveit og Jon Gangdal. Dei har båe journalistiske erfaring frå avis, fagpresse, radio og fjernsyn samt erfaring frå leiar- og rådgjevarstillingar i mellom anna Forsvarsdepartementet, Forsvarets forskningsinstitutt, Regjeringens kriseinformasjonsenhet, Oslo Politidistrikt, kommuniikasjonsbyråa Geelmuyden.Kiese, JKL, Kreab og Stayer.
Ta kontakt med oss for ein samtale om korleis vi kan hjelpe dykk til å vidareutvikle den menneskelege faktor!
Renommé Strategy, Org nr 988 434 477 MVA, renomme@renomme.no, Telefon 23378750, Haslevangen 15, NO-0579 Oslo, Norway